Dialogmøte 1

meeting

Dialogmøte I er det lovpålagte møtet mellom arbeidsgjevar og den sjukemelde, som skal haldast innan utgangen av sjukmeldingsveke 7, eventuelt med lege tilstade.  Ønskjer du å avtale et dialogmøte med behandlande lege så les her. NAV arrangerer dialogmøte II innan 6 månader. Det er også mulig å be om et dialogmøte på tidspunkt du meiner at det er hensiktsmessig.

 

Møtestad: SMS

Dialogmøter ønskes gjennomført i SMS sine møtelokale på grunn av:

  • møta går mindre ut over pasientbehov for å få legehjelp dei treng
  • muligheit for å ta med anna samarbeidande helse og/eller velferdspersonell (fysioterapeut, eller NAV)
  • om verksemda di har bedriftshelseteneste, skal dei delta i dialogmøte I
  • vi har en mangeårig tradisjon for å arrangere dialogmøter ved SMS

Vi stiller lokale til rådighet kostnadsfritt.

 

Avtale dag og tid – direkte med sjukemeldar/behandlar

Ta kontakt med behandlande lege for avtale om dag og tid. Ikkje kall inn til dialogmøte før du har gjort avtale direkte med behandlar. Bruk e post eller skriv SMS. Kontakt resepsjonen i dei tilfelle du ikkje skulle oppnå kontakt med legen.

 

Kva kan du skrive i e post eller på SMS?
Du kan skrive: “Ønskjer å avtale dialogmøte I for en av våre tilsette, kan du kontakte meg på mobil tlf nr…..?” Det er ulovlig for helsepersonell å sende, eller oppfordre til sending av, sensitive pasientopplysningar over SMS eller e-post. Namn og fødselsdato oppfattast som sensitive opplysningar. E-post som inneheld sensitive opplysningar blir slettet og bevarast ikkje.

 

Sjukemeldarar og kontaktmåte

Send e-post til legegruppa.sms@legegruppa-sms.nhn.no med namn på lege og kontaktinformasjon. Så blir beskjeden vidaresendt til legen.

 

Førebuingar til møtet

  • Følg opp den tilsette før dialogmøtet. Dialogmøtet skal ikkje vere første direkte kontakt i sjukemeldingsperioden mellom arbeidsgjevar og tilsett
  • Snakk saman om jobbmoglegheiter og korleis arbeidet kan tilretteleggjast (arbeidstid og oppgåver)
  • Husk oppfølgingsplanen som skal være utarbeidet og sendt sjukemeldar før utgangen av veke 4
  • Tenk nøye over kva du treng å vite/drøfte med legen
  • Tenk over grensene for personvern