Hans blomgate 39, 6900 Florø - sentralbord 57758000 - dagtid haster 40411207 - Legevakt utenfor åpningstid 116 117 - medisinsk nødtelefon: 113

Nye personvernreglar i 2018

Norge og EU får nye personvernreglar i 2018, og dei nye reglane seier mellom anna at offentlege verksemder har plikt til å ha eit personvernombod. Den nye personopplysingslova som er vedtatt i Norge kjem truleg til å gjelde frå 1. juli 2018. Personopplysningsloven vart kunngjort 15.06.2018.

Legegruppa SMS si nye personvernerklæring er gjeldande i tråd med føringane i personvernforordninga.

Personvernerklæring for Legegruppa SMS

Legegruppa SMS har som mål at informasjonstryggleik og personvern skal vere ein naturleg del av verksemda vår.

For å kunne utøve mynde og tilby deg gode tenester, må vi handsame opplysingar om deg elektronisk. Personvernerklæringa viser korleis vi handsamar personopplysingane dine, kva opplysingane blir nytta til og kva for rettar du har.

Grunnprinsipp

Legegruppa SMS har som grunnprinsipp at personopplysingar skal handsamast

  • lovleg, rettferdig, korrekt og med openheit
  • konfidensielt, verna mot utilsikta endring og tilgjengelege for føremålet.
  • slik at opplysingar som er samla inn til bestemte føremål, ikkje seinare blir brukt på ein måte som er i strid med dette.
  • slik at opplysingar som er samla inn til konkrete føremål berre blir nytta til det konkrete føremålet, og ikkje blir lagra lengre enn det som er naudsynt eller pålagt.
  • slik at opplysingane er oppdaterte.

Meir informasjon finn du her: personopplysningsloven og personvernforordningen artikkel 5

Føremål

Føremålet med handsaminga er å tilby deg helsetenester eller utføre lovpålagte oppgåver.

Kva er grunnlaget for at vi kan handsame personopplysingane dine?

Som fastlegekontor er Legegruppa SMS pliktig til å føre journal om helseopplysninger.

Journalforskriftenpersonopplysningsloven og personvernforordningen artikkel 6 – 11 og 21 gir utfyllande informasjon.

Innsyn

Som hovudregel har du rett til innsyn i dei opplysingane vi handsamar som gjeld deg. Du har og krav på å få informasjon om sjølve handsaminga.
For å få innsyn må du kontakte Legegruppa SMS. Du kan be om få kopi av opplysingane som er registrert.

Du kan lese meir om dette i Personopplysningslova og personvernforordninga artikkel 12 og 15.

Rett til å få korrigert urette personopplysingar

Dersom våre opplysingar om deg ikkje er rette, har du og rett til å få korrigert desse. Det gjeld også dersom vi ikkje har fullstendige opplysingar om deg.
For å få korrigert urette eller ufullstendige personopplysingar må du kontakte Legegruppa SMS.

Personopplysningslova og personvernforordninga artikkel 12 og 16 har nærare reglar for dette.

Overføring av personopplysingar

I nokre tilfelle kan du ha rett til såkalla dataportabilitet. Det vil seie at du kan krevje å få overført personopplysingane frå oss til nokon andre.

Reglar om dette finns i Personopplysningslova og personvernforordninga artikkel 12 og 20.

Rett til å få sletta personopplysingar

Du kan ha rett til å få sletta opplysingar om deg sjølv. Denne retten har unnatak. Til dømes gjeld retten ikkje for opplysingar som er arkivpliktige eller er naudsynte for å kunne krevje eller forsvare rettskrav.
Vi viser elles til Personopplysningslova og personvernforordninga artikkel 12 og 17 og arkivregelverket.

Kven deler vi personopplysingane dine med?

I einskildhøve blir personopplysingane dine formidla til andre. Det kan vere samarbeidsorgan (til dømes NAV og sjukehus) eller andre som vi har plikt til å gje informasjon.

Legegruppa SMS vil i slike tilfelle alltid sikre seg at utvekslinga er basert på lovleg grunnlag, at teieplikta vert halden og at naudsynte avtalar blir gjort gjeldande.
Opplysingane kan i samband med dette òg bli overført til land utafor Europa.
Innebygd personvern og personvern som standardinnstilling Vi vil sjå til at personopplysingane dine er godt teknisk sikra. Vi vil og ta omsyn til den risiko som handsaminga kan ha for deg. I tillegg vil vi gjere andre tiltak for å byggje under dei grunnprinsippa vi nemnde innleiingsvis. Dersom noko går gale, vil vi og ha beredskapsplanar for dette.
Nemnde plikt går fram av  Personopplysningslova og personvernforordninga artikkel 24 og 25.

Informasjonskapslar

Våre nettsider nyttar informasjonskapslar (cookies) for å tilby deg tilpassa nettenester og gje deg ei god brukaroppleving. Ein informasjonskapsel er ei lita tekstfil som lagrast på maskina di.

Klage til Datatilsynet

Du kan klage til Datatilsynet viss du ikkje er nøgd med korleis vi handsamar personopplysingane dine, eller du meiner handsaminga er i strid med personvernreglane. Informasjon om korleis du går fram finn du på nettsidene til Datatilsynet.

Dette er ei kortfatta personvernerklæring med hovudreglar. Dersom det er skilnad mellom den og personvernlovgjevinga eller anna regelverk, er det sistnemnde som gjeld.