Fast stilling som medarbeidar Legegruppa SMS Florø
Legegruppa SMS er ein stor fastlegepraksis med legevakt. Den består av fastlegar, turnuslegar, sjukepleierar, helsesekretærar og andre yrkesgrupper.
Vi er i front for utvikling av helsetenestar og deltek i ulike forbetringsprosjekt med tanke på heile tida å betre våre tenester i tett samarbeid med andre kommunale avdelingar og ulike sjukehusavdelingar. Betre tenester til dei som treng det mest har høg prioritet.
Vi har ledig fast 100 % stilling som helsesekretær/helse-omsorgsarbeidar frå 01.02.24. Har du anna helsefagleg utdanning kan du og vere aktuell som
medarbeidar hjå oss.
Dine arbeidsoppgåver vil til bli:
- i resepsjonen med telefonservice og merkantile oppgåver.
- på skiftestover med sårstell , injeksjonar, EKG, spirometri, audiometri og å assistere ved kirurgiske inngrep.
- på laboratoriet med å ta blodprøver og å analysere prøver.
Om dette kan vere noko for deg, så høyrer vi gjerne frå deg.
Lønn etter KS- tariffavtale med pensjonsavtale i KLP.
Søknadsfrist 30.11.2023.
For spørsmål, ta kontakt med dagleg leiar Jan Helge Dale tlf 90728004
eller jan.helge.dale@kinn.kommune.no
Søknad med CV og referansar sendast til:
Legegruppa SMS
v/Jan Helge Dale
(merk: søknad)
Hans Blomgt. 39
6905 Florø