Hans blomgate 39, 6900 Florø - sentralbord 57758000 - dagtid haster 40411207 - Legevakt utenfor åpningstid 116 117 - medisinsk nødtelefon: 113

Attestar

Skuleelevar og fråværsattestar

Alle som er sjuke og treng medisinsk behandling får time hos lege etter vanleg prioritet i høve sjukdommen sitt alvor. Her vert attest laga ut frå behov, men attest er her ikkje det primære.

Dei som har fått melding om at dei står i fare for å komme over 10% grensa i eitt eller fleire fag, får tilbod om medisinsk vurdering same dag, dersom dei denne dagen har det aktuelle faget på timeplanen. Eleven må dokumentere dette og må i desse høva kontakte Legegruppa på morgonen.

Sjuke elevar som er borte fra skulen og ynskjer attest, men som endå ikkje har fått melding om at 10% grensa er nådd vil ikkje få tilbod om medisinsk vurdering og kontakten vert heller ikkje journalført.

Elevar med kronisk sjukdom med fare for auka skulefråvær bestiller vanleg time hjå fastlege for medisinske råd og avklaringar og evt relevant dokumentasjon til skulen.

(Oppdatert 30.08.2023)

Helseattest Offshore, mønstring og dykking

Frå 1. januar 2014 må legar som skal skrive helseattest for arbeid Offshore ha spesiell godkjenning etter kurs i helsekrav.  Arbeidstakarar som skal fornye sine helseattestar bør fylle ut eigenerklæring på førehand.

Kontakt sentralbordet 57758000 for avtale dersom din fastlege ikkje står på lista. Personar som ikkje har fastlege hos oss er også velkommen.

Last ned og utfyll skjema; «Egenerklæring for personer i petroleumsvirksomheten til havs»

Petroleumslegar

  • Normund Svoen
  • Hilde Marie Sund
  • Ronny Cassells
  • Kristian Bøyum Ulvund
  • Michael Benjamin Robert

Sjømannslegar

  • Ronny Cassells
  • Michael Benjamin Robert
  • Kristian Bøyum Ulvund

Dykkerlege

  • Kristian Bøyum Ulvund