Kva er LEV VEL?
LEV VEL – kultur for helsa, er Kinn kommune sitt arbeid innan kultur og helse, livskvalitet og musikkterapi. LEV VEL er organisert gjennom kommunalområde helse og velferd og arbeider tett i samarbeid med kultur og fritid. Helse og velferd legg til rette for gode kvardagar og livskvalitet for innbyggjarane, uansett fase i livet. Andre samarbeidspartar som Kystmuseet, Havglytt, Origod, Kinn Kyrkjekontor og pensjonistlaga, er med å bidra til at vi kan invitere til ulike lavterskeltilbod for vaksne.
LEV VEL ønskjer å fremje eit breidt spekter av aktiviteter ute i lokalsamfunnet, med alt i frå større kulturelle arrangement til møte mellom menneskje, ein-til-ein.
Du kan sjå meir om dette arbeidet på heimesida til Kinn kommune.